Første konsert i Ørsta 18. juni

Kvernberg med ny musikk og turne

Kvernberg og bandet Perleskum.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Jorun Marie Kvernberg, med sitt ensemble Perleskum, slepp i desse dagar singelen «Den dag kjem aldri», og reiser ut på ein forseinka og etterlengta platesleppturné for albumet som kom i fjor vår.

Det heile starta med eit nykomponert verk og ei spesiallaga barneforestilling tinga av Førdefestivalen i 2018, i samband med 200-årsjubiléet til diktaren og forfattaren Aasmund Olavsson Vinje. Jorun Marie Kvernberg komponerte og spelte saman med musikarane Unni Boksasp (folkesong), Daniel Herskedal (tuba) og Dag-Filip Roaldsnes (piano). I etterkant av dette og turnéar for Den kulturelle skulesekken utvikla bandet repertoaret vidare til ein lengre kveldskonsert, og endte til slutt opp med å spele inn albumet «Tytebæret» på plateselskapet ta:lik hausten 2019. Tubaist Lars Andreas Haug var produsent på albumet, og har sidan gått inn som fast medlem i staden for Herskedal.

Albumet kom i mars 2020, men koronaen sette ein effektiv stoppar for den påfølgande turneen.

Singel

«Den dag kjem aldri» er eit av Vinje sine mest kjende dikt, no med ein melodi skriven av vokalist Unni Boksasp og arrangert av Jorun Marie Kvernberg. Songen vart spelt inn samtidig med albumet, men spart som singel til dei no faktisk skal få spele for første gong for eit levande publikum.

Turnéen startar 18. juni på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.