Her skal det snart gjerast arkeologiske utgravingar

I samband med reguleringsplan for Legene i Ørsta kommune, er det bestilt arkeologisk registrering, melder Møre og Romsdal fylkeskommune.

Legene med Åmåsen i forgrunnen.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Området skal regulerast til skule og bustader.

I ein epost til Ørsta kommune skriv arkeolog Arve Eiken Nytun:

«Slik det ser ut no vil vi ha høve til å starte registreringa den 27.08.2021. Vi ber om at de informerer grunneigarar om oppstart. Dersom registreringa kjem i konflikt med slåtten, er det viktig å melde tilbake snarast, og kva tidspunkt som eventuelt er betre eigna, so skal vi sjå om det er mogeleg å gjere nokre justeringar i forhold til dette.»

Nytun ser føre seg at det må sjaktast med gravemaskin på eit utpeikt område, men at det kan vere område utanfor dette som også er aktuelle, dersom ein finn det interessant under registreringa.

Kablar, leidningar og anna infrastruktur i jorda skal kartleggast og merkast før oppstart.