Havila Kystruten konstituerer Arne Johan Dale som administrerande direktør

Arne Johan Dale, opphavleg ekte dalsfjording.  Foto: Havila

Nyheiter

Arne Johan Dale frå Volda vert konstituert som administrerande direktør i Havila Kystruten frå mandag 14. juni og fram til 9. august då Bent Martini tek til i stillinga.

Dette vert orientert om i ei pressemelding frå Havila.

Arne Johan Dale har vore finansdirektør i Havila Shipping frå 2008 og i Havila-gruppa frå april i år. Han kom til Havila Shipping frå stilling som økonomisjef i Glitnir Bank og var tidleg på 1990-talet sentral i etableringa av KredittBanken i Ålesund.

Arild Myrvoll vert fristilt frå mandag 14 juni, men vil være tilgjengeleg for selskapet ei tid framover.