Statsforvaltaren om Volda kommune

Bryt lova ved bruk av tvang og makt overfor utviklingshemma

Statsforvaltaren meiner Volda kommune bryt lova når det gjeld bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming.

Volda omsorgssenter.  Foto: Volda kommune

Nyheiter

I april gjennomførte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit meldt tilsyn i bu- og habiliteringstenesta i Volda kommune. Temaet for tilsynet var rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming.