Tek pause som rektor – vert leiar i folkehøgskuleforbundet

Einar Opsvik (61) er vald til ny leiar i Folkehøgskuleforbundet. Det gjer at han tek pause som rektor ved Møre folkehøgskule.

Styreleiar: Vervet som styreleiar i Folkehøgskuleforbundet gjer at Einar Opsvik sluttar som rektor ved Møre folkehøgskule. Foto: Janne Marit Myklebust 

Nyheiter

– Vervet i Folkehøgskuleforbundet medfører ei åtti prosent stilling. Den fyrste tida skal eg også arbeide tjue prosent ved Møre folkehøgskule, og så får vi sjå vidare, seier Opsvik. Medan han har vervet i forbundet, har han fått innvilga permisjon.