Susanne er ny pedagog på ballettskulen

Susanne Stark (27) er tilsett som ny dansepedagog i ballettskulen.

Susanne Stark.  Foto: Balettskulen.

Nyheiter

Ho er inntil vidare busett på Sandane, og tek til i fast stilling som dansepedagog i ballettskulen 1. august. Stark har ein bachelor i dans frå Norges Dansehøyskole, praktisk- pedagogisk utdanning (PPU) frå Kunsthøgskolen i Oslo og ein master i dansevitskap frå NTNU.

- Susanne Stark har solid utdanning og mange års erfaring med undervising i dans, og med hennar kompetanse skal vi utvikle ballettskulen vidare. Vi ynskjer henne varmt velkomen, seier styreleiar Synnøve Rekkedal Hill.

Stark har arbeidd ved danselinja ved Firda vidaregåande skule i fleire år og har også undervist ved fleire private ballettskular, mellom anna i Måløy. Ho har også arbeidd som lærar i barneskulen. Ballettskulen sitt tilsetjingsutval har arbeidd med rekrutteringa i ei tid.

Ho skal ha hovudansvar for jazz, hip hop og kreativ dans. I helga var ho gjest ved danseframsyninga Aladdin Arabiske Netter i Ørsta.

Susanne Stark.  Foto: Ballettskulen.

- Eg er oppteken av å sjå og utvikle den enkelte elev. Ballettskulen har ein filosofi der alle skal med, og samstundes sikte høgt på det dansefaglege. Det passar veldig godt for meg, seier Susanne, som no skal flytte til Ørsta.

Ballettskulen har no to fast tilsette dansepedagogar i fulle stillingar, med Susanne Stark og Analu Zidko. Skulen har nærare 350 elevar og er blant dei største i landet. Ballettskulen har elevar frå heile distriktet, men hovedtyngden av elevane kjem frå Ørsta og Volda.

- Ballettskulen er ein stor og viktig kulturaktør for born og unge på Søre Sunnmøre. Vi har lagt stor vekt på å finne ein pedagog som trivst i undervisningsrolla og kan ha den gode dialogen med born, ungdom og deira føresette, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i tilsetjingsutvalet.

Skulen startar undervisninga til hausten 23. august. I mellomtida skal avtroppande pedagog Felicia Goll- Rasmussen ha sommarskule i Ørsta i veke 25.

- Vi takkar Felicia for solid arbeid gjennom åtte år. No skal vi byggje vidare på hennar gode arbeid, seier Rekkedal Hill.