Ivar har fått blomar, og Kyrre har stemt gitaren

Og dermed er Dei Nynorske Festspela 2021 godt i gang.

Ivar og Kyrre.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det vil seie – før Kyrre og Baarelaget gjekk på scena på Studenthuset Rokken torsdag kveld, var det svært så tradisjonsrik opning av festspela. Då Ivar fekk blomar på føremiddagen. Og litt før konserten opna kunsthuset dørene til utstilling med Ørnulf Opdahl, Kjell Nupen og Olav Strømme, og festspela vart offisielt opna i Aasentunet, med både litteratur, musikk og talar.