Knapt fleirtal vedtok ny vegføring

– Må byrje heilt på nytt med Fremre Mo

– Vi må byrje heilt på nytt med detaljplanlegging av nedste delen av Fremre Mo. Kva dette vil ha å seie for talet på tomter, det veit vi ikkje.

Kommunestyret under synfaringa på Fremre Mo.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Planleggjarane Gunnar Wangen og Mathias Kårstad måtte sjå at fleirtalet i kommunestyret kasta heilt om på planane for utbygging av den nedre delen av det planlagde bustadområdet på Fremre Mo.