«Kva skal barnet heite?» - «Tussaparken!»

Tussaparken, her fotografert eit par veker før folk fekk sleppe inn.  Foto: Arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Seint onsdag ettermiddag vart det klart: Ørsta kommunestyre vedtok at Vikeparken nedanfør Alti Ørsta skal heite Tussaparken. Men den maritime parkdelen ned mot fjorden, Hamneparken, skal få lov til å behalde namnet sitt.


Fekk refs på politisk møte

- Ordføraren har ikkje mynde til å signere ein slik avtale, men har likevel gjort det

Olav Opsvik (MdG) meiner ordførar Stein Aam (Sp) har handla utan lovleg mynde. Det gjorde han då han skreiv under avtalen om Tussa si sponsing av det som skal heite Tussaparken.



Krev full runde om parkavtalen med Tussa

Olav Opsvik (MdG) krev at Ørsta kommune handsamar avtalen med Tussa om Tussaparken i si fulle og heile breidde.



Avviser all kritikk i Tussapark-saka

Ordførar Stein Aam avviser all kritikk i saka knytt til Tussaparken.


Parken har no opna, og folket set tydelegvis stor pris på det nye aktivitetsområdet i Ørsta sentrum – og strøymer til i store skarar av unge og litt eldre. Tussa har sponsa 9 mill til parken, har sett sitt klare preg på parken med diverse vasskraft-gjenstandar, og snart kjem der vindturbin. Tussa-logoen er også hjarteleg til stades.

Men protestane har vore mange mot namnet, både frå folk flest og ekspertar, som Idar Henning Vatne (Frp) påpeikte i debatten – som vart innleia med ei gildskaps-runde, der sjølvaste ordøraren var «under hammaren» for sin eventuelle gildskap.

Stein Aam forhandla jo fram namnet med storsponsor Tussa, noko som Olav Øyehaug Opsvik (MDG) sterkt har gått i rette med, sidan ordføraren ikkje hadde heimel til dette.

I etterkant har Aam lagt seg flat, noko han igjen gjorde på kommunestyremøtet onsdag, der han vart funnen gild, fekk tilbake ordførar-klubba, og inntok sin plass om ordstyrar i saka. Og innleia saka med at heile park-prosjektet har vore fantastisk, og blitt ein formidabel suksess.

Fleirtalet i Ørsta kommunestyre ville leggje ballen død når det gjeld oppstyret om namnet til Tussaparken/Vikeparken/Hamneparken. Som Anne Sølvi Vatne (H) sa: "No må vi bli ferdige med ditta naustet!" 

- Velkomen, kjære Tussaparken!

Inger Sundnes (H) opna debatten.

- Hjarteleg takk for at parken har kome, og for Tussa sitt bidrag. Tussaparken er eit flott namn, for dette har allereie blitt eit kraftsenter i sentrum. Velkomen til oss, kjære Tussaparken! Jubla Sundnes.

Kravde offentleg høyring og ny kommunestyre-handsaming

Marit Aklestad (SV) var meir skeptisk – både til sponsoravtalen og namnevalet. Ho viste til Opsvik (som ikkje var til stades på møtet) sitt forslag om å få saka handsama på nytt. Og ho kom med følgande framlegg:

"Kommunestyret ber administrasjonen om å ta opp avtalen med Tussa Energi AS til ordinær administrativ og politisk saksbehandling. Sak om namnet på parken ved Alti i Ørsta sentrum må kunngjerast og gå gjennom offentleg høyring før kommunestyret kan avgjere namnesaka."

- Det går ikkje an å leggje seg flatare

Ann Sølvi Vatne (H) meinte det kanskje hadde vore litt ureint trav i namneprosessen, men meinte at barnet no måtte få namn, og det bør vere Tussaparken.

- Så kan heller ordføraren ta lærdom av prosessen, sa ho, og Aam repliserte:

- Det har eg gjort. Det går ikkje an å leggje seg flatare!

Kred til Opsvik, men ...

Gunnar Knutsen (V) gav Olav Opsvik kred for å ha belyst problemstillinga, men meinte likevel at namnet bør vere Tussaparken.

Det var Karen Høydal (Ap) samd i, og Høgre/Ap fremja forslag om at kommunestyret vedtok namnet Tussaparken på møtet.

Noko som altså vart utfallet/vedtaket i saka. SV-Aklestad sitt forslag fall mot fem røyster, og Idar Henning Vatne sitt nokså like forslag om å sende saka tilbake til Levekårsutvalet fall mot fire røyster.