Svært underhaldande 1500 m på SpareBank1-leikane

Det vart ein svært spennande og under- haldande 1500 m som avrunda SpareBank1- leikane på Ørsta stadion.

1.500 meter: Noah Digernes Merheb (G14) kastar seg i mål 7 hundredelar før Jonatan Hovden Ryste (G13) på 1500 m. Foto: Ingrid Aarflot Ryste 

Nyheiter

Jonatan Hovden Ryste (G13) og Noah Digernes Merheb (G14) la ut i relativt roleg tempo i første halvdel av løpet, men auka stadig etter det. Noah drog i 1400 m og kvar gong Jonatan prøvde å passere så svarte Noah med å auke tempoet. Frå omlag 800 meter auka farta godt. Dei siste 250 meterane vart ein langspurt, der dei auka til full sprint skulder mot skulder dei siste 100 meterane. Noah kasta seg først over målstreken og slo Jonatan med 7 hundredelar med tida 4,52,63. Begge vart vinnarar i sine aldersklassar. Med litt finpuss dei komande vekene kan begge vere kapable til å setje klubbrekord på 1500 m i sine aldersklassar.

Medaljevinnarane på både 60 meter og lengde i klassen J11: F.v. Ragne Øyehaug, Madelene Almestad og Silje Søvik Mårstøl. Foto: Ingrid Aarflot Ryste  Foto: Ingrid Aarflot Ryste

Rekruttane i alderen 6-9 år deltok i 60 meter, lengde og liten ball. Dei viste idrettsglede og stor innsats. For aldersgruppa 10-19 år var det større utval i øvingar innanfor løp, kast og hopp. 10-12 årsgruppa har øvd mykje på hekk, og det viste godt att på stemnet. Ei som var ekstra rask var Madelene Almestad (J11) som flaug over hekkane på 11,81 sek på 60 m hekk.

Rundt 40 deltakarar i alderen 6-19 år var i aksjon på klubbstemnet Sparebank1-leikane den 6. juni på Ørsta stadion. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernsreglar. Arrangør Ørsta IL friidrett valde å redusere deltaking til kun klubbens medlemer p.g.a. covid-19-pandemien. Med gradvis opning av samfunnet har klubben som mål å arrangere storstemnet Ørstaleikane over to dagar siste helga i august med deltakarar frå heile fylket og frå nabofylka.