Naustfeiden i ny kommunestyre-handsaming

Strand-idyllen får stå likevel

- Kven er det det plagar at naustet vert meir brukande for dei som skal bruke det? Ja, dette var spørsmålet Hans Olav Myklebust stilte då Ørsta kommunestyre tok stilling til om ein strandidyll på Sæbø måtte rivast eller ikkje. Og dei kom fram til at idyllen skal få leve vidare.

Hans Olav Myklebust lurer på kven som blir plaga av desse tilbygga til eit naust i ei elles utilgjengeleg fjøre.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Og det både med treplattingar framfor naustet og på nedsida – og med ein levegg på oppsida. Sjølv om politikarane foreslår at denne vert hengsla, i staden for å vere ein permanent konstruksjon.