No set dei ned fartsgrensa her

Flyplasskrysset.  Foto: Arkiv Rune Sæbønes

Nyheiter

Vegvesenet har vedteke å sette ned fartsgrensa frå 80 km/t til 50 km/t på strekninga frå flyplasskrysset til flyplassen.



Vedtaket er i tråd med Møre og Romsdal fylkeskommune si innstilling og ønske frå Ørsta kommune.

Ørsta kommune har også ytra ønske om at forkøyrsregulering av FV 5989 vert lagt inn i same skiltplan.

- Dette krev eit eige vedtak, og vi ber vegeigaren, Møre og Romsdal fylkeskommune, om å ta stilling til dette, skriv vegvesenet.