Rapport frå ekspedisjon Lekneset -Trandal

Trondheim hadde Svartlamoen. København hadde Christiania og Hjørundfjorden hadde Trandal.

Ekspedisjon Lekneset- Trandal til fots  Foto: Knut Hustad

Nyheiter

Over Urke og andre grender i Hjørundfjorden sveva Den heilage ande. På Trandal hadde dei dans. Rett nok kunne det også verte arrangert dans på gamleskulen på Urke, men ein laurdagsettermiddag då ungdommane kom for å gjere klart til kveldens dans var golvborda vekke. Misjonsfolket hadde sett seg arge på desse dansekveldane og dermed hadde dei fjerna golvet.