Etter fem hundre år

Her vert det kravd garanti mot kvikkleire-skred

Norges vassdrags- og energiverk (NVE) krev meir dokumentasjon på at Bakketunet på Bjørke (frå 1500-talet) ligg trygt med omsyn til jord-, flaum- og snøskred. Og kvikkleire-skred.

Bakketunet på Bjørke har tilsynelatande stått fonntrygt i 500 år. No vert det krav dokumentasjon.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Artikon AS har på vegne av Marita Bett Åkre/Galleri Aakre søkt om å få bygge sanitærbygg og mikrohus på den eldgamle garden.

NVE sine representantar Ann-Kristin Larsen (fung. seksjonssjef) og Bjarte Sandal (seniorrådgjevar) skriv:

«Tiltaka ligg i aktsemdsområde for jord-, flaum- og snøskred. I tillegg ligg tiltaka i aktsemdsområde for steinsprang og mogleg delvist under marin grense (sjå NVE Atlas). Areal under marin grense er å rekne som aktsemdsområde for marin leire/kvikkleire.»

Larsen og Sandal viser vidare til at Volda kommune opplyser at Breiteig Fjordsenter har vurdert skredfaren og konkludert med at det ikkje er skredfare på Bakketunet. Men NVE/Larsen/Sandal slår seg på ingen måte til ro med dette:

«Vi kan ikkje sjå at rapporten følgjer vedlagt saka og har difor ikkje grunnlag for å uttale oss med bakgrunn i denne. NVE viser til at det er eit kommunalt ansvar å sjå til at det ikkje vert gitt byggjeløyve på grunn som ikkje er tilstrekkeleg trygg.»

Elles kan det ikkje ha vore ofte det har gått skred inn på tunet, sidan dei eldste bygningane i Bakketunet har bikka 500 år.