Festspelutstilling Ørnulf Opdahl, Kjell Nupen og Olav Strømme

Ørnulf – frå dronninga til aristokraten

- Eg kjende faktisk Olav Strømme på 60-talet. Han kalla meg ein av sine elevar, gjekk rundt i kamelhårsfrakk og var ei temmeleg aristokratisk type. Skulle ikkje tru han var frå Ørsta!

Ørnulf Opdahl og kunstlagsleiar Anne Ellingsen. Ho held Strømme-måleriet «Fra Østen» frå 1971, og på veggen ser vi Opdahl-bilete.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det seier kunstnar Ørnulf Opdahl med glimt i auget. Torsdag opnar Festspelutstillinga 2021 på Kunsthuset i Ørsta, og der får vi sjå verk av Opdahl, Nupen (som stamma frå Ørsta) og Ørsta sin største kunstnar gjennom tidene, Olav Strømme (1909 – 1978).