Åtvarar mot forureining på Krøvelseidet

Desse oljefata har står her i fleire tiår, i følge Eldar Eidheim.  Foto: Eldar Eidheim

Nyheiter

Eldar Eidheim, som er vegvaktar for Veidekke har varsla Volda kommune om forureining langs vegen over Krøvelseidet.

Gammalt skrap i naturen på Krøvelseidet.  Foto: Eldar Eidheim

I eit brev til kommunen skriv han: "På Krøvelseidet ca.150-200 m før Helgatun på venstre side ligg det mykje gamle rot. Blant anna oljetønner som er fulle og som har lege der i fleire tiår. Desse kan springe lekk og skape stor forurensning. Legg ved bilder og håper dere kan ta tak i dette før det skjer ein katastrofe."