På hyttetur i tretoppane

GOD UTSIKT: Frå tretopphyttene til Engeset trehytter i Sandane har dei besøkjande flott utsikt til Gloppenfjorden og fjella i bakgrunnen.   Foto: Edvin-A Hugvik

Nyheiter

Er du ein av dei som drøymde om hytte i toppen av eit tre då du var liten? No kan barndomsdraumen bli verkeleg. Dei siste åra har det dukka opp stadig fleire tretopphytter til leige rundt om i landet. Interessa for å besøkja dei har aldri vore større.