Mange tusen epletre fraus i hel i vinter

Desse trea er friske, men bønder i Midt-Telemark har opplevd at svært mange tre har døydd av frost i vinter.  Foto: Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Nyheiter

Bønder tapar no fleire millionar på at epletrea deira døyr.

Kombinasjonen av ein fuktig haust og ei mild førjulstid i fjor, og fleire veker med berrfrost etter nyttår, har vore uheldig for mange epletre.

– Dette gjorde at trea ikkje gjekk inn i kvile sånn som dei skulle, seier fruktkonsulent ved Nome og Midt-Telemark landbrukskontor, Jan Meland, til NRK.

Ifølgje Meland er mellom fem og ti prosent av epletrea i Midt-Telemark døde, det vil seie rundt 50.000 tre. Han fortel at han dei har hatt frostskadar på Austlandet i snitt kvart tiande år frå år 1900. Men dei har ikkje opplevd så store skader sidan han starta i bransjen for 30 år sidan.

Han fortel òg at dei er meir og meir plaga av frost under blomstringa fordi trea blomstrar fjorten dagar tidlegare enn dei gjorde for 30 år sidan.