No skal desse bygningane rivast

Ørsta kommune har gjeve seg sjølve rivingsløyve for å jamne Hammarbuda på Nordre Vartdal med jorda.
Nyheiter

Det er også gjeve løyve til å rive bustadhuset «Aarskoghuset» like ved. Her skal delar av kjellaren stå att.


Dette kulturminnet er det berre å rive

Møre og Romsdal fylkeskommune gir Ørsta kommune klarsignal til å rive Hammarbuda på Nordre Vartdal. Samstundes får kommunen kritikk.


I denne bygningen var det tidlegare butikk på Nordre Vartdal.

Hammarbuda er eigentleg registrert som verneverdig, men manglande vedlikehald gjennom mange år, har medført at bygningen har stått til forfall. Møre og Romsdal fylkeskommune, som står bak SEFRAK-registreringane, har i ei fråsegn tidlegare erkjent at bygningen er i ein slik stand at dei ikkje vil gå i mot eit rivingsløyve.