Mor og dotter syklar Norge på langs

For nokre år sidan gjekk heile familien Norge på tvers. No ville Astrid og Elisa Bjørdal gjere noko saman, berre dei to, og skal sykle Norge på langs.

Klare for langtur:Astrid og Elisa Bjørdal frå Ørsta startar fredag på ein lang sykkeltur, frå Nordkapp til Lindesnes.   Foto: TERJE ENGÅS

Nyheiter

(Sunnmørsposten): Astrid (43) er mora, Elisa (17) er dottera. Vi treng vel ikkje å legge til at dei to ørstingane begge er spreke og veltrente for ekspedisjonen som startar fredag 4. juni.