Seinverknad etter britisk mutant-korona

«Eg går ut frå butikken, og har ikkje peiling på kvar eg parkerte bilen»

Trass i at dei berre er rundt 40 år gamle, vart ekteparet Ingrid og Michael Solhjem svært sjuke av korona. Ho hamna på Ålesund sjukehus i nær ei veke, og begge er plaga av etterverknader.

Ingrid og Michael Solhjem.  Foto: Privat

Nyheiter

– Eg er heilt tappa for krefter, og har blitt «haudelause». Slit med hugsen, gløymer kvar eg har parkert bilen eller lagt ting ein augneblink før, fortel Michael (42).