Kostnadssprekk for utviding av Volda vidaregåande

Prisen auka med 50 prosent

Volda videregåande skule. Tilbygget med TPO-base skal kome på oppsida av skulen mot symjehallen.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Å utvide Volda vidaregåande skule for å får ein såkalla TPO-base skulle koste 18,6 millionar kroner, meinte fylkeskommunen. Men etter å ha hatt prosjektet ute på tilbod oppjusterer skuleeigaren byggekostnadane til 27 millionar.



– Prisane aukar mykje raskare enn vanleg prisstigning, og det prisast inn store usikkerheiter i tilboda, skriv fylkesadministrasjonen i utgreiinga for ei sak i Utbyggingsutval for bygg og vegsaker.

Internasjonale forhold

Årsaka til prisauken i bygg og anlegg ligg i fleire forhold, mellom anna at byggherrane har auka koronakostnader knytt til innreisekarantene, auka pris på råvarer og borkebilleåtak på tre i Canada og Tyskland, som er store eksportørar av trevirke.

Det kom berre inn eitt tilbod i anbodskonkurransen for basen for TPO (tilpassa opplæring) ved Volda vgs.

– Forhandlingar gjennomførast no, men det er ikkje grunnlag for å inngå kontrakt basert på gjeldande løyving. Grunna marknadssituasjonen syner oppdatert kalkyle behov for auka økonomisk ramme for prosjektet frå 18,6 mill. kroner inkludert moms, til 27 mill. kroner, står det i sakspapira.

Tilrår auka løyving

Men administrasjonen meiner det ikkje er tilrådeleg å utsette prosjektet, og tilrår auka løyving.

– Konsekvensane av ytterlegare utsetjing av prosjektet medfører då forlenga drift i ikkje eigna lokale: · Plasstilhøva er avgrensa. Dette går ut over den individuelle tilpassinga. Det påverkar også arbeidsroa til elevane. Utsetting av prosjektet vil gi ein meirkostnad på om lag 800 000 kroner til restart av prosjekt og gjennomføring av ny konkurranse, står det i sakspapira til møtet 19. mai.