Geir Egil Eiksund

Har skrive boka han gjerne skulle ha lese som ung

Geir Egil Eiksund (32) har skrive om korleis det er å vekse opp i ei lita bygd som homofil utan at nokon veit det. Akkurat slik han gjorde.

Tilbakeflyttar: Bygdepride har gjort at det ikkje var skummelt å flytte tilbake til Ørsta-Volda, seier Geir Egil Eiksund. Her på verandaren i Røyslida i Volda. 

Nyheiter

Han er yngstemann i den største barneflokken i Ørsta. Den med etternamnet Eiksund, der far Olav og mor Ruth har vore både rektorar og lærar, og dessutan foreldre til dusinet fullt. Dei er mange nok ungar til å stille fotballag med ein reserve. Og no har Geir Egil (32) skrive boka Kampen. Tittelen gir assosiasjonar til «Mein Kampf», og «Min kamp», men ein kamp kan og vere eit fotballkamp, eller ein kamp mot sine indre kjensler.