Truga naboen og ringde politiet nærare hundre gongar

– Skal jage deg frå gard og grunn

Illustrasjonsfoto  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ein mann i 50 åra har ved mange høve gjennom 2019 og 2020 vore i kontakt med politiet. I 2018 oppsøkte han naboen sin i Volda kommune. Der retta han lyset frå ei lommelykt i ansiktet på naboen og sa at han "skulle ta han". Eitt år seinare var mannen i kontakt med operasjonssentralen til politiet. Bakgrunnen var naboen og i samtalen skal mannen ha sagt at det skulle bli eit blodbad. Mannen er no sett under tiltale av statsadvokaten. Ifølgje tiltalen sa mannen og i samtalen med politiet i 2019 at "eg går og hentar øksar og så knuser eg skallen hans." Telefonsamtalen førte til politiutrykking.