Ørstahallen med 2,5 mill. i minus

Den ordinære drifta av Ørstahallen gjekk med 2,5 millionar kroner i minus i 2020.

Ørstahallen - i minus.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det viser eit oversyn som kommuneadministrasjonen i Ørsta har presentert.

Det var Anne Sølvi Vatne (H) som etterlyste eit rekneskap over det fyrste heile driftsåret.

Rekneskapen syner utgifter på 3,826 millionar kroner, og inntekter på 1,474 millionar kroner. Det gir eit driftsunderskot på 2,35 millionar kroner.

Kommuneadministrasjonen forklarar at driftsåret 2020 vart heilt spesielt, grunna pandemien og uføresette hendingar.

– Det har enno ikkje vore eit normalt driftsår i hallen. I 2019 vart hallen opna i februar/mars, og 2020 vart eit spesielt år p.g.a. Covid-19, forklarar kommunedirektøren.

I tillegg til at Ørstahallen måtte halde stengt i lengre periodar p.g.a. Covid-19, oppstod det legionella-problem sommaren 2020.

– Ifølge seksjon eigedom vert det i snitt brukt om lag ei 100 % stilling som driftsoperatør i Ørstahallen. I 2020 vart det ut over dette nytta om lag 10 % ekstra stillingsressurs knytt til legionella-utbrotet og oppfølging av garanti og reklamasjonssaker. Det er også kome på ekstra utgifter knytt til vaktordningar, skadeverk, tekniske feil og manglar og dessutan snøbrøyting. Dette er ikkje prosjektført og er såleis ei stipulert utgift, vert det forklart.