Staten tilbyr 962 millionar kroner i jordbruksoppgjeret – under halvparten av kravet frå bøndene

NPK-NTB: Staten tilbyr ei ramme på 962 millionar kroner i jordbruksforhandlingane. Det er langt lågare enn kravet frå bøndene på 2,1 milliardar kroner.

Forhandlingsleiar frå staten Viil Søyland. Til høgre leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.   Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyheiter

– Dette vil gi jordbruket moglegheit for ein inntektsvekst på 4,5 prosent. Auken blir finansiert med auka løyvingar over statsbudsjettet på 490 millionar kroner og målprisaukar på 400 millionar kroner, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.


Bøndene krev over 2 milliardar i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane krev over 2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år. Dei leverte kravet til staten tysdag formiddag.


Norges Bondelag er ikkje fornøgd.

– Urovekkjande lågt, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag om tilbodet som blir lagt fram på ein pressekonferanse tysdag formiddag.

Han meiner tilbodet frå regjeringa ikkje anerkjenner alvoret i den økonomiske situasjonen i landbruket.

– Tilbodet vitnar om stor avstand til korleis bøndene har det og kva som skal til for å drive matproduksjon framover. Det verkar ikkje som om regjeringa forstår den store uroa i næringa, seier Bartnes.

Jordbruksforhandlingane er den årlege forhandlinga mellom bondeorganisasjonane og staten. Dei forhandlar om jordbruksavtalen, som bestemmer kva pris bonden skal få for råvarene sine, kor store budsjettoverføringar som skal gå til jordbruket og korleis desse pengane skal fordelast.