Opnar for førehandsrøysting i fleire lokale

Kjøpesenteret Alti saman med andre lokale i Ørsta sentrum vert no vurdert for førehandsrøysting. Årsaka er smittevernrestriksjonane.

Alti Ørsta er ein av stadene der det kan verte førehandsrøysting.  Foto: Alti

Nyheiter

– På grunn av covid-19 ber kommunedirektøren valstyret om å vere førebudd på endringar i organisering av førehandsrøysting. Vi må kanskje leige større lokale, då servicekontoret kan verte for lite høve smittevern, nytte helsepersonell ved ambulerande førehandsrøyster for personar i isolasjon eller karantene, osb., heiter det i ei saksutgreiing frå kommunedirektøren til valstyret (fotmannskapet).