Hundar lause i Ørsta

Politiet melder om observasjonar av to lause hundar nær Ørsta sentrum.
Nyheiter

Dei to hundane, ein liten og ein stor (truleg Scæfer) er observert ved storlomma på Nørestranda nordvest for Ørsta sentrum. Folk vert bedne om å kontakte politiet på 2800 om dei har kjennskap til hundane.

***

Politiet melder like før kl. 14.00 at ein person har teke hand om hundane. Og litt seinare melder politiet at hundeeigar har teke kontakt, og har fått hand om hundane.