Han er ny i Møre-Nytt

Haakon Sørvik (32) har byrja som marknads- konsulent i Møre-Nytt.

Ny: Haakon Sørvik, ny marknadmedarbeidar i Møre-Nytt 

Nyheiter

Han skal vikariere for Renata Novogreckaite, som har permisjon.

Haakon Sørvik skal ha eit spesielt ansvar for sal og rådgjeving knytt til digitale reklameprodukt.

Han har bakgrunn frå mediebransjen, mellom anna gjennom Radio Ålesund. Dei siste åra har han vore digital rådgjevar hos Avento og digitalbyrået Racer, no Visma Digital Marketing.

– Møre-Nytt har hatt stor framgang innanfor den digitale marknaden, og med Haakon på laget har vi fått ein svært kompetent medarbeidar som vil gjere oss i stand til å halde fram med den positive utviklinga, seier Svein Aam leiar i Møre-Nytt.