Ynskjer fleire skravlekoppar og - benker

Ørsta SV ynskjer å få kommunestyret til å vedta ei støtte til kommunen som skravlekoppkommune.

Skravlekopp: Ørsta er ein skravlekoppkommune, og Ørsta SV ynskjer fleire koppar og benker vert plasserte ut. 

Nyheiter

Og eit hurra for Småjobbsentralen.

I ein interpellasjon til kommunestyret ber SV om eit støttevedtak. Dessutan at ordføraren orienterer litt om prosjektet.

Skravlekopp er eit prosjekt som tar mål av seg å vere med å redusere einsemd i samfunnet. Skravlekopp er eit enkelt konsept der ein plasserer ut nokre grøne koppar på kafear, kantiner og andre møteplassar.

– Om du vel å drikke frå ein Skravlekopp, viser du andre i lokalet at du gjerne snakkar litt med nokon medan du drikk, seier Magnar Hjertenæs i interpellasjonen.

Ørsta er ein skravlekoppkommune, og har dessutan funne opp konseptet skravlebenk.

– Våre engasjerte og kreative medarbeidarar har utvikla noko heilt nytt: Skravlebenken. På same måten som Skravlekoppen, skal Skravlebenken signalisere at ein ynskjer å slå av ein prat med den som har lyst til å skravle.

Ørsta si nyskaping med Skravlebenk har alt fått merksemd langt utanfor Ørsta.