Stikk UT!-turane er i gang

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkiv MATHIAS RØSBERG MAUREN

Nyheiter

I helga starta Stikk-UT!-sesongen, og i år er det atten slike turar i Ørsta kommune.

Men turgåarane må sjekke at turane er "opna" før dei begynner å gå.

No er det altså igjen råd å registrere kodar, og det meste skal vere på plass. Friluftsrådet er så heldige å ha mange frivillige hjelparar som er ute og set opp skilt og turkodar.

I år er Herøy ny deltakarkommune i Sunnmøre friluftsråd, og der ventar 15 flotte nye turmål.

I tillegg finn du Stikk UT!-turar i dei same kommunane i fylket som i fjor: Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Heim, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.

Mange turar med utsett opning

På grunn av snø er det mange turar som dessverre ikkje kan opnast enno. På dei fleste av desse er turkoden ikkje på plass, og det er uansett ikkje råd å registrere turane før dei opnar. Friluftsråda ber turgåarane ta omsyn til dette og oppmodar alle om å sjekke opningsdato i turforklaringa på nettsida stikkut.no eller i Stikk UT!-appen. Vent med å gå desse turane til turmålet er opna.

-Tryggleiken kjem alltid først, derfor ventar vi med å legge ut kodar høgt til fjells der det framleis er myke snø. Somme stader kan det også vere fare for ras. På nokre turar er det også nødvendig å utsette opninga til stien har fått tørke opp, for å unngå unødvendig stor slitasje i ein sårbar periode, skriv Sunnmøre friluftsråd.

Covid 19-omsyn

Koronapandemien har ikkje sleppt taket enno, dessverre.

-Vi ber alle om å følgje dei til ei kvar tid gjeldande forskriftene frå kommunar og regjering. Fram til 9. mai oppmodar vi spesielt folk i Ålesund, Sula og Giske om berre å gå turar i eigen kommune. Generelt oppmodar vi folk også i andre kommunar som opplever smitteutbrot, om ikkje å reise til andre kommunar før smittesituasjonen er under kontroll, skriv Sunnmøre friluftsråd.