Stein Brede frå Ørsta får internasjonal merksemd for musikken sin

- Prosessen har vore gøy, slitsom, og kostbar. Men mest givande!

Stein Brede skulle berre ein liten tur inn på Youtube vinteren 2015. Lite visste han kva turen inn på nettsida skulle tilføye livet hans. 

Nyheiter

Vinteren 2015 satt småbarnsfar og sjømann Stein Brede Vollestad (36) framfor pc-skjermen. Han var ein snartur innom YouTube, og på plattforma fekk han møte sin skjebneveg, ein dokumentar om den avdøde DJ-en Avicii som skapte musikk i studioet sitt. Inntrykka frå filmen gjorde at Vollestad valde å gå same veg. Vegen hittil har gitt ørstingen mykje lovande merksemd og tilbakemeldingar på musikken sin på eit internasjonalt plan.