Kranselag på Mosflata

Skåla i kaffi for den nye ridehallen

Måndag vart det halde kranselag for den nye ridehallen på Mosflata.

Skål: Ein stor dag for hestefolket då det måndag vart halde kranselag for den nye ridehallen. Her skålar Margrete Homlong Øyehaug (nærast), Kristin Riise og alle andre i kaffi. 

Nyheiter

I rekordfart, over tre veker, har vegger og tak kome på plass. Og når taket er tett må det haldast kranselag, og skålast. Ikkje i brennevin, slik dei gjerne gjorde før i tida, men i kaffi attåt heimelaga sjokoladekake.