Møt Ida Digernes Aarskog i God dag-praten

- Om økonomien tillot det ville eg ha signert papir for bygging av svømmehall

Nyheiter

Korleis ser kvardagen din ut?

Eg står opp tidleg og tek buss til Mork, der eg er lærling i Mork Barnehage. Arbeidsdagen min er full av leik, glede, omsorg og uteliv. Når eg kjem heim blir det stort sett avslapping, turar og førebuing til neste dag. Eg likar også å skvise inn besøk til tanter, onklar, søskenbarn og besteforeldra mine.