No er det toppsesong for topptur på ski

For dei fleste er skisesongen på hell, men ikkje for toppturentusiastane. For denne stadig veksande gruppa er april og mai sjølve høgdepunktet på skisesongen.

Under nedkøyringa frå Kvitegga Ljøen (1489 moh) på Hellesylt i Møre og Romsdal har ein heile tida utsikt rett ned i Geirangerfjorden.   Foto: Bent Tandstad

Nyheiter

Stadig fleire nordmenn har kasta seg på toppturbølgja, og det har først og fremst med randonee-utstyret å gjere. Utstyret liknar på alpinutstyr, men er lettare og ein kan stille bindingen slik at ein kan gå med laus hæl oppover. Då brukar ein også fellar på skia. Til nedturen tek ein av fellane, og vipps så fungerer det som vanleg alpinutstyr.