Brann i løe på Vartdal

Brannmannskapet berga den gamle løa.

Den gamle løa vart berga av brannmannskapa, som hindra at bygningen brende ned.  Foto: Fridtjof Buset.

Nyheiter

Tidleg søndag kveld rykka brannvesenet ut til brann i ei løe på Vartdal i Ørsta kommune. Det er ikkje dyr i bygninga, og det var ikkje fare for at brannen spreier seg, opplyser politiet.