Laurdag 1. mai

Ny koronasmitta i Ørsta - ukjend smitteveg

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder laurdag kveld om eit nytt positive tilfelle av Covid-19.

Aktuelle tilfelle er førebels utan kjent smitteveg-/kjelde, men sannsynlegvis innan kommunegrensa. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar i karantene medan smitteporinga leitar etter opphavet.

Vidare er der meldt fleire uavhengige nærkontaktar denne veka, mykje i samband situasjonen i Ålesund.

Denne veka er det hittil meldt om 9 tilfelle av Covid-19 - tre av dei siste døgnet.