Flagget som vaiar i vind

I dag står flaggstangen naken" heiter det i eit Nordahl Grieg-dikt. Kor flink er du til å heise flagget gjennom året? I 2021 har vi 16 offentlege flaggdagar og mai er flaggmånden framfor nokon med fire flaggdagar.

Flaggar du berre på nasjonaldagen?   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheiter

Her i landet kan vi i utgangspunktet heise flagget kva dag vi vil, i tillegg til dei nasjonale flaggdagane. Det er vanleg å flagge på bursdag, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller på ein stor fest. Alle statsbygg er pålagde å flagge på offisielle flaggdagar. Desse eigedommane skal flagge med Noregs statsflagg med splitt og tunge. Private skal bruke handelsflagget /nasjonalflagget.