Ballen er trillrund

Runar Gudnason.  Foto: Svein Aam

Dei med mest pengar får stort sett oppføre seg som dei vil

Nyheiter

Eg vurderer å verte fotball-fan. Inntil no har eg ikkje følgt så godt med, men eg likar å spele sjølv, og eg likar å sjå VM på tv. Alt det som skjer mellom verdsmeisterskapane verkar som éin lang serie eller cup som aldri sluttar, så eg har ikkje noko favorittlag, bortsett frå HIL, sjølvsagt. Men kanskje eg må finne meg eit lag til og kaste meg inn i kampen, for det er tydelegvis i fotballen at dei progressive og kampvillige kreftene finst no for tida.