Valdshendinga i Volda

Reiste frå staden - melde seg til politiet dagen etterpå

Advokat Torgeir Hovland Langva er forsvarar for den tiltalte mannen.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Opptakten til valdshendinga 3. oktober i Volda i fjor har vore ein sentralt tema under rettssaka i Møre og Romsdals tingrett fredag. Fornærma i saka, som hamna i kunstig koma, forklarte at han dulte bort i ein kjenning. Det fekk tiltalte til reagere og kom mot fornærma på ein aggressiv måte. Tiltalte forklarte at han reagerte på at fornærma skulle ha skubba over ende ein kjenning.