Smitterekord i Ålesund – 17 nye registrerte tilfelle

Illustrasjonsfoto.   Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Nyheiter

Det er registrert 17 nye smittetilfelle i Ålesund det siste døgnet. Aldri før har så mange vorte registrerte smitta i kommunen på eitt døgn under pandemien.

Ålesund kommune opplyser at tolv av tilfella er relaterte til utbrotet ved Toldboden/Anno. Alle tilfella er definerte som nærkontaktar.

Torsdag er det påvist smitte hos i alt 53 personar i Ålesund og andre kommunar som er relatert til dette utbrotet. Kommunen opplyser at dei ventar fleire smittetilfelle hos nærkontaktar framover.

– Smittesporinga viser at dette viruset smittar svært lett. Vi ber alle halde seg til få nærkontaktar og redusere aktivitet. Alle bør oppføre seg om ho dei møter, eller dei sjølve, er smitta, seier kommuneoverlege Olav Mestad.