Smitte i Ørsta, ikkje i Volda

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune fekk i går kveld, 28. april melding om ei ny positiv koronaprøve. Men no melder kommunen at den nye smitta er ørsting.

- Det viser seg at denne personen høyrer til i Ørsta, men har fastlege i Volda, difor skjedde denne feilmeldinga. Volda har difor ingen personar i isolasjon med påvist korona per torsdag 29. april, skriv kommunen i ei pressemelding.

Førre veke vart det testa 421 personar i Volda og Ørsta, hittil denne veka (måndag- onsdag) 237 personar.