Fire smittetilfelle i Ørsta

  Foto: Arkiv illustrasjon

Nyheiter

Onsdag fekk Ørsta kommune stadfesta fire positive tilfelle av Covid-19.

- Alle fire var husstandsmedlemmar til kjente positive og det er ingen nye nærkontakter, skriv kommunen i ei pressemelding

I veke 17 er det hittil meldt om seks tilfelle av Covid-19.

Den eine av dei fire vart meldt til Volda i går, men alle fire har bustadadresse i Ørsta, opplyser Ørsta kommune.