Vil sikre vidare ferjekai på Skår

– Har vi noko val?

Skår: Ferjekaia på Skår kan likevel verte utbetra.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Sidan oktober 2020 har ikkje ferja gått til Skår i Hjørundfjorden. Årsaka er tilstanden til ferjekaia. Ørsta kommune eig ferjekaia og må ta ei avgjerd kring investeringar om ferjetilbodet skal kome tilbake. Formannskapet er positive til å ta kostnaden for å gjennomføre sikringstiltak.