Frp vil byggje gangveg frå Mosflata til Dalane skule i 2022

– Ørsta-ordføraren sit med nøkkelen, seier Frank Sve

Delegasjonen fekk føling med tungtrafikken i Åmdalen.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Eg vil oppmode Ørsta-ordførar Stein Aam til å påverke sine Sp-kollegaer i fylkestinget. Får vi Sp-gruppa med på laget, manglar vi berre tre røyster på å få eit vedtak om å byggje heile gangvegstrekninga frå Mosflata til Dalane skule allereie neste år.