Utbygging av Ørsta ungdomsskule

Vil gå for den største utbygginga - med ekstra tillegg

Planar: Nybygg ved Ørsta ungdomsskule er planlagt mot Ripateigane. Bygget skal gå om lag til enden av sandvolleyballbana. Jan Vikestrand i kommunen viste teikningar til Karen Høydal, Synnøve Rekkedal Hill og Anne Sølvi Vatne under ei synfaring i fjor.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Kommunestyret i Ørsta har gjort vedtak for utbygging av Ørsta ungdomsskulen for inntil 65 millionar kroner. Etter tilbodsrunden har PEAB Nordang AS fått tildelt byggeprosjektet. Tilbodet frå entreprenøren er på om lag 43,4 millionar kroner.