Stryn helsa velkomne i Tussa-familien

Generalforsamlinga i Tussa kraft sa samrøystes ja til fusjonsavtalen mellom Tussa og Stryn Energi. Samstundes vart vedtektene endra for å tilpasse dei den nye aksjonæren.

Stryn: Generalforsamlinga i Tussa Kraft As sa onsdag ja til å fusjonere med Stryn Energi. Foto: Bengt Flaten 

Nyheiter

For det er Stryn kommune som er eigar av Stryn Energi, og handelen mellom Tussa og eigaren vert gjort opp med aksjar. Stryn kommune får aksjar tilsvarande sju prosent av aksjekapitalen i Tussa.