Høie: – Viss det går som planlagt, blir det mogleg å ha ferie i Noreg i sommar

Helseminister Bent Høie (H) ber folk planleggje ut ifrå om det blir mogleg å reise innanlands i sommar viss gjenopningsplanen held.

Helseminister Bent Høie (H).   Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyheiter

Frå og med onsdag kan fullvaksinerte ha nærkontakt med ikkjevaksinerte, men blir framleis rådde til ikkje å reise innanlands. Det vil likevel forandre seg etter kvart, meiner statsråden.

– Det ligg i trinn 2 og 3 til gjenopningsplanen at det vil bli lette i tiltaka knytte til reiser, det er eigentleg det ein kan innrette seg etter, seier Høie til NTB, på spørsmål om korleis folk skal planleggje sommarferiane.

Helseministeren har fleire gonger sagt at planen er å komme til trinn 2 i gjenopninga av det norske samfunnet i andre halvdel av mai.

Han håpar òg at gjenopninga og vaksinasjonen går såpass godt i Noreg og resten av Europa at reiselivet vil oppleve sesongen dei på mange måtar gjekk glipp av i 2020.

Mesteparten av Europa har sommarferie i august, og det er i august og utover hausten at dei fleste europeiske turistane reiser til Noreg.