Tesla skal byggje ladestasjon i Ørsta/Volda

Tesla skal byggje ladestasjonar i Ørsta og Volda.  Foto: Tesla

Nyheiter

Tesla planlegg å byggje superladestasjon i Ørsta/Volda i første kvartal neste år, melder TEK.NO.

- Alle nye superladestasjonar som Tesla byggjer no er av V3-typen, som kan levere inntil 250 kilowatt. Det er blant dei kraftigaste ladarane du finn langs vegane, berre slått av Ionity, som berre tilbyr 350 kW-ladarar, og nokre få 350 kW-ladarar frå andre tilbydarar, skriv TEK.NO.

Også Nordfjordeid skal få ladarar for Tesla første kvartal neste år, ifølgje TEK.NO.