Takkar for overflod av tulipanar

Frå venstre Ingrid Mork, Lisa Korsfur Silseth, Dagrunn Opsal og Kyrre Skavøy takkar for dei mange tulipanane som bedrifter i Ørsta har spandert på m.a. Ørstaheimen.  Foto: Ørstaheimen

Nyheiter

Ein overflod av tulipanar prydar no både Ørstaheimen og andre institusjonar i Ørsta, etter at fleire lokale bedrifter har kjøpt tulipanar av Ørsta Lions, i samband med Tulipanaksjonen.


No skal 3200 tulipanar dryssast over ørstingane

Ikkje mindre enn 3200 tulipanar vert no gitt til eldre på institusjonar og andre i samband med Ørsta Lions sin tradisjonsrike tulipan-aksjon.


- Blomstrane lyser opp i ei litt grå tid, og vi er veldig takksame for at vi vert hugsa på, seier tilsette på Ørstaheimen.

Artur Sørheim er takksam for tulipangåva til Ørstaheimen.  Foto: Ørstaheimen

Buavdelinga open

Dei kjem også med ei god nyheit no når helga er her:

- Buavdelinga, som har vore stengt ein periode, er no open for besøk som dei andre avdelingane på Ørstaheimen.

- Dei som vil kome på besøk er hjarteleg velkomne, men alle besøk må avtalast på førehand.